Testløp fredag 9.mai 2008 kl.17
Postet av Flora Cykleklubb den 6. Mai 2008
Etter ein del diskusjon har vi kome fram til ein trasé som vi anser for å vere mest mogleg trafikksikker og samstundes skal passe både for dei yngre og dei eldre.
Det blir start og målgang ved båthamna i Kanalen (NB! ikkje Fureholmen båthamn). Vi sykler til gravplassen i Brandsøy der det er vendepunkt markert av funksjonær (kanskje med mellomtid?)
Distansen er ca. 9,2 km, og blir avvikla som tempoløp med individuell start med 1 minutt intervall.
Regler:
-Dersom ein rytter blir tatt igjen av ein seinare startande må denne legge seg minst 25 meter bak. Det er ikkje lov å legge seg på hjul.
-For vår egen og andre sin sikkerhet skal vi følge trafikkreglane. Ver særskilt obs ved gangfeltet ved Havhesten.
Første start blir kl.17.00 og dei yngste startar først. Møt opp i god tid, då blir det også tid til oppvarming.
Kanskje blir dette løypa vi kan teste formen i med jamne mellomrom?
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Flora Cykleklubb
Nytt klubbtøy!
07.02.2019
Sunnfjord Trippel
08.10.2018
Sunnfjord Trippel 2018
02.10.2018
Karusellritt onsdag 03.10 - 17.30
02.10.2018
Sørstrand Karusellritt!
07.06.2018
Topp 10 i Bergen - Voss!
04.06.2018