Fanaråken Duatlon 2006

Postet av Flora Cykleklubb den 14. Aug 2006

Tre hardhausar frå Flora var med på dette spektakulere arrangementet. Mikael Johansen, Norunn Stavø og Magnar Solheim tok den harde turen frå Skjolden nede ved Lustrafjorden til Fanaråken som rager 2068 luftige meter over havet. Dei fekk ein "flott" tur i godværet.

Løpet er ei kraftprøve av dimensjonar. Løpet startar med 16km sykling frå Skjolden til Turagrø 875moh og deretter 8,4km løp/gange i terrenget opp til Nord-Europas høgastliggande turisthytte på Fanaråken 2068moh.

Norunn Stavø leverte eit flott resultat og vart best i si aldersklasse med tida 2:37:22, totalt sett nr 4 i kvinneklassa.  Mikael kjempa om ein plass blandt dei ti beste etter syklinga, men eit skadeavbrekk i sommer gjorde ikkje godt for løpeformen og han enda til slutt eit stykke ned på lista med tida 2:17:39. Magnar Solheim kom inn på tida 2:29:52

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.