Sunnfjord Trippel

Postet av Flora Cykleklubb den 8. Okt 2018

For fyrste gong vart Sunnfjord Trippel arrangert i helga. Totalt var nærare 40 syklistar i sving på dei ulike ritta; 10 km tempo på Langeland skisenter, Trollrittet og treningsrittet Grimelandsrunda. 


Før start på Trollrittet

Kristian Tjønneland frå Førde CK sto att som suveren samanlagtvinnar etter å ha vunnet alle ritta. Elida Solheim, Førde CK og Jonas Osland, Flora CK, var best av dei unge, vi gratulerer. Kasper Heggø frå Ringerike CK, Frode Langedal Aune frå Flora CK, Sigurd Savland frå Tambarskjelvar Triatlon og Sykkel samt Elias Barthel frå Førde CK viste og prov på fin haustform og leverte gode prestasjonar, imponerande med tanke på deira unge alder.


Marie Iversen, 8år, sykla alle ritta, her frå målgang på Trollrittet - ein kjempeprestasjon!

Kjekt var det og at halvparten av dei som stilte til start på alle dei 3 ritta var under 16 år. Her har klubbane eit ansvar for å ta vare på dei unge og fortsette å legge til rette for samlingar og arrangement - det ser vi fram til å gjere!

Oppvarming til Trollrittet. frå venstre; Kristian Tjønneland, Elias Barthel, Kasper Heggø og Jonas Osland

Vi i Flora CK vil rette ein særskild takk til våre viktige støttespelarar, Sparebanken Sogn og Fjordane, Westcon og Audun Ramsdal Maskin, utan dei hadde ikkje dette vore mogleg.
Denne gongen fekk vi og god støtte til premiering av det lokale næringslivet av mellom anna Proff Partner, Norli Bokhandel, Beststasjon i Naustdal, Parfymelle Florø, Redningsselskapet, Nor Tekstil, Sunnfjord Apotek, Sunnkost Florø, Kitchen Florø og Rema 1000. Takk for bidraget - det skapte stor glede under trekking av premiar etter startnummer på Trollrittet.

Vi vil og trekke fram skigruppa i Eikefjord som lånte oss bygget på det flotte skianlegget på Humlestølen.  

Resultatlister frå alle ritta, samt totalliste finn de under:

10 km Tempo - Langeland skisenter


Trollrittet

Treningsritt - Grimelandsrunda

Samanlagt



Sunnfjord Trippel 2018

Postet av Flora Cykleklubb den 2. Okt 2018

For fyrste gang går alle dei tre sykkelklubbane i Sunnfjord saman om arrangement. Det som tidlegare var Sunnfjord Dobbel er no utvida til å inkludere ein spanande 10 km lang tempo i Naustdal, og er blitt Sunnfjord Trippel! Vi gler oss over samarbeidet og håper lokale syklister tek sykkelen ut for ei siste økt før vegen blir dekt med is og snø. Spreie ordet og møt opp!

Oppmøte Naustdal: Ved Naustdalstunnelen i Naustdalsenden, start kl 10.00
Oppmøte Trollrittet: Svarthumla, start kl 1300 og 1400
Oppmøte Grimelandsrunden: Angedalen skule, start kl 1300.

Påmelding i startområde.

Klubbane er ansvarlege for eigne arrangement - så ønskjer du nærare informasjon om dei ulike ritta, kontakt klubbane direkte.

Sjå bilete for info.

 



Karusellritt onsdag 03.10 - 17.30

Postet av Flora Cykleklubb den 2. Okt 2018

Er du mellom 5 og 13 år? Møt opp på stranda i Austenden av Storevatn og bli med på Karusell ritt med Flora CK. Vi syklar langs vatnet på langs! Premie til alle deltakarar.
Saft og frukt ved målgang. Vi trekk sjølvsagt ei Flora CK drakt signert av "Huskestue" - og tidlegare storsyklist, Dag Otto Lauritzen. Er du rett heldig trekk vi namnet ditt blant deltakarane til ei flott ekstrapremie!





Sørstrand Karusellritt!

Postet av Flora Cykleklubb den 7. Jun 2018

Sesongens andre karusellritt vart onsdag arrangert på eit solbada Sørstrand. Gutar og jenter mellom 6-15 år hadde tatt turen for å vere med på ei sykkelløype på grus og sti og mellom busker og trær! Grunna flotte sykkeleigenskapar, vart nok eit karusellritt gjennomført med ei god meistringskjensle og heilt utan uhell.


Gratis deltaking og saft og is til alle barna var med på å setje eit ekstra smil kring munnen på både arrangør og deltakarar. 


Som annonsert, trakk vi også denne gang ei Flora CK drakt signert av Dag Otto Lauritzen. Andrine Horgen, var den heldige denne gangen! Men fortvil ikkje, det kan vere deg neste gang, vi skal trekke to drakter til før hausten kjem.


Neste karusellritt er planlagd i slutten av Juni - føl med på Facebook, på heimesida eller kanskje i skulesekken for informasjon.




Topp 10 i Bergen - Voss!

Postet av Flora Cykleklubb den 4. Jun 2018

Kanskje ei vel spekulativ overskrift, men likevel sann. Her er nokre bilete og resultatlista frå Topp 10 av syklistar frå Flora CK som sykla Bergen-Voss. Kjekt at så mange representerte klubben i klassikaren.

Arne er godt nøgd med gjennomføringa!


Atle Halvorsen vart beste syklist frå Flora CK, men ikkje langt bak fulgte Are Bruåsdal. Bruåsdal har trent godt i heile vinter og får no betalt for innsatsen. Også Lars Kristoffer Reksten kom godt under 5 timer.

Resultat frå Flora CK ryttarar!


Lenger nede på resultatlista, men dog med imponerende innsats, finn ein ein tidlegare kraftkar. No er kraft kombinert med kondisjon og Arne Jacobsen, som no er i sin beste alder, sykla inn til litt over 6 timar. Ein god halvtime før Arne finn ein ein rutinert herremann med namn Terje Standal. Han heldt og flott fart heile vegen til Voss.

Terje Standal brukte 5t 40 min på dei 162 km.
I bakgrunnen Albert Frøyen og Rune Horgen.




Vårrapport frå Flora CK

Postet av Flora Cykleklubb den 29. Mai 2018

Gode forhald for sykling har gitt fin aktivitet for Flora CK i Mai månad. Ungdomsgruppa med trener Geir Kristiansen har vore til Bergen igjen og delteke på Fana 3dagers. Der hadde dei og med seg Atle Halvorsen. 

Mussie dreg på ei gruppe som jagar feltet


Jonas Osland, som no har tatt steget opp i klasse 15-16 år, har merka ei auka i nivået, men har, sjølv om toppforma har latt vente på seg, vist at det vil bli spanande å følgje han framover. Spesielt har vi sett gode tempoetapper. Mussie og Medhanie har som forventa fått det tøft i henholdsvis Junior og Senior klasse, men røynde ryttarar har allikevel latt seg imponere over god sykkelteknikk på tross av framleis manglande fart. Det viktigaste er allikevel at det er framgang i prestasjonane og sykkeliveren er der! No ventar ein liten periode med rittpause.

Atle og spesielt Geir viser prov på god form og er flotte førebilete for dei yngre klubbmedlemmene. Spesielt Geir likar seg på toppen av resultatpallen! Vi gratulerer!

Kristiansen er nøgd med sesongstarten!


Info og resultat frå Fana 3 dagers finn ein HER


Jonas Osland har og vist fram Flora CK drakta i Vestfold, på Tønsberg 3 dagers. Der var eit rekordstort felt med 15-16 åringar. Jonas plasserte seg kring midten av listene, igjen med tempo som sterkaste etappe. 

Jonas før Tempostart på Tønsberg 3 dagers


Info og resultat frå Tønsberg 3 dagers finn ein HER

Samstundes som Jonas Osland var i Vestfold, representerte Robert Steindal og Sigurd Haugerud Flora CK i turrittet Vestfold Rundt. 

Info og resultat frå Vestfold Rundt finn ein HER

Framover no ventar turritt som Bergen - Voss og Nibberittet. Er du litt over middels glad i sykling - ikkje nøl - hiv deg med! 

Og sist men ikkje minst - følg med på klubbens karusellritt - neste er 6. juni!



Følg Flora CK i Fana 3 dagers

Postet av Flora Cykleklubb den 20. Mai 2018

Flora CK stiller med 4 ryttarar i Fana 3 dagers inneverande helg.

Trenar Geir Kristiansen har med seg Brødrene Abraham og Jonas Osland til Bergen. Der fortsetter dei å jakte utvikling og gode prestasjonar. 

Foto: J. Osland

Det er sterk konkurranse, mange deltakarar og høgt nivå på det som skjer og det er kjekt å sjå at Jonas har etablert seg på eit jamt høgt nivå, samt at brødrene Abraham tar steg for steg i rett retning. 

For førebelse resultatlister og muligheita til å følgje avslutninga i morgon, klikk her.

Nærare rittskildring kjem i morgon.



Den store sykkeldagen -2018

Postet av Flora Cykleklubb den 5. Mai 2018

Hugs at det i dag er den store sykkeldagen 2018. La dei minste sykle Kongleritt i regi av Sparebanken Sogn og Fjordane, øv deg på å balansere og ikkje minst la deg inspirere av Eirik Ulltang sine ferdigheiter i Noregs beste SYKKELSHOW! Vi sjåast på torget mellom 1100-1400!



Rogaland 3 etappers - Jonas nr 6 totalt!

Postet av Flora Cykleklubb den 14. Apr 2018

OPPDATERT!
På søndagens fellesstart sikra Jonas Osland, Flora CK, ein sterk 6 plass samanlagt i  ROGALAND 3 ETAPPERS. Han satt med hovudfeltet inn til mål - og klarte dermed målsettinga om ein topp 10 plassering samanlagt med god margin. Grunnlaget for plasseringa vart lagt med ein imponerande tempoetappe på laurdagen, fulgt opp av eit gateritt kor han markerte seg sterkt. Vi gratulerer.
Meir om ritta frå i går - les under bilete.
 


Publisert laurdag:

Jonas Osland stiller denne helga til start i ROGALAND 3 ETAPPERS, eit samarbeidsprosjekt mellom Stavanger og Sandnes Sykleklubb. Etappane består av ei tempoetappe, gateritt og fellestart. I dag har det vore sykla tempoetappe og gateritt. Jonas har fortsatt trenden frå i fjor med å prestere godt på tempo. I dag kom han i mål som nr 5 av 47  startande. Det i seg sjølv er ein flott plassering, men om ein kikkar bak resultatet, så vert prestasjonen endå betre. Jonas stiller nemleg i 15-16 års klassen, og dei 4 føre han på resultatlista var alle året eldre. Vi er imponert. 

Bilete: Jørn Kenneth Osland

På ettermiddagen sykla dei gateritt. Der fikk vi sjå ein aktiv Jonas, som i stor grad var med å prega løpet, mellom anna gjekk han i brudd, som rett nok vart køyrd inn att, men allikavel flott innsats. Til slutt trilla han i mål saman med hovudfeltet.

Bilete: Jørn Kenneth Osland

Det vert spennande å følgje han på morgondagens fellesstart. Lykke til! 



Sesongopning 2018

Postet av Flora Cykleklubb den 11. Apr 2018

Jonas og Marie Osland sesongdebuterte i Fana. Under våte og kalde forhold sykla dei Rådalen rundt saman med trener Geir Kristiansen.

(Bilete er henta frå Bergen CK si facebookside)
Jonas sykla i klassen 15-16 år og sykla inn til ein 9. plass. Ei gruppe på 12 ryttarar kom meir eller mindre samla til mål - så han hang godt med, utan å kunne kome med den råaste avslutninga. Vi gler oss til fortsettinga.

(Bilete er henta frå Bergen CK si facebookside)
Marie Osland, stod av etter 2 av 6 rundar. Ho sykla i Juniorklassen, stod av etter 2 av 6 rundar, 

(Bilete er henta frå Bergen CK si facebookside)
Trenar Geir Kristiansen stilte og til start, han fulgte feltet greitt, men heller ikkje han makta følgje dei raskaste heilt inn. 

Kjekt å vere i gang med sesongen - Vi gler oss til det som kjem!

Heile resultatlista finn ein her: Rådalen rundt 2018



No kan du kjøpe sykkeltøy!

Postet av Flora Cykleklubb den 11. Apr 2018

Endeleg er Trimtexbutikken opna! Så no har du moglegheita til å få deg ei ny FloraCK drakt!
Les informasjonen under for korleis gå til anskaffing av sykkeltøy.


Hei,
Deres teamshop er nå klar, og vi håper mange kommer til å benytte seg av dette tilbudet.
Nettbutikken stenger 26.04.18 med forventet levering i uke 23.
Her er litt informasjon om fremgangsmåte, som vi håper at dere videreformidler til deres medlemmer / ansatte:

  1. Klikk deg inn på linken her for å komme til nettbutikken: http://trimtex.no/no/flora-ck-... 
  2. Før du kan starte å bestille må du registrere deg.
  3. Velg «Logg inn» om du allerede er registrert som bruker på trimtex.no eller “Ny konto” om det er første gang du bestiller fra oss.
  4. Tast inn florack17 i «teamkode for innmelding» og logg inn.
  5. Du skal motta en ordrebekreftelse fra oss når din ordre har gått gjennom.

Trimtex anbefaler å bruke Chrome eller Firefox for at det skal fungere optimalt, f.eks vil brukere av Internet Explorer kunne oppleve noen problemer.



Årsmøte 2018

Postet av Flora Cykleklubb den 24. Jan 2018

Tidspunkt: 6. Februar kl. 20.00 - 2130

Stad: Sparebanken Sogn og fjordane sine lokale i strandgata.

På årsmøte 2018 vil det bli 2 voteringar:

nr 1 er om sportsleg rammeplan skal nyttast som styringsdokument for klubben.

nr 2 er godkjenning av budsjett 2018

Det vil og bli presentert eit årshjul - om du har innspel til årshjulet, gje styret melding.


Dokument til årsmøte:

Innkalling og sakliste: Innkalling

Årsmelding finn du her: Årsmelding

Rammeplanen finn du her: Sportsleg rammeplan

Link til årshjul er her: Årshjul

Forenkla inntektsgrunnlag og budsjett fin ein her: Forenkla økonomisk framlegg 2018



Grasrotandelen 2018

Postet av Flora Cykleklubb den 17. Jan 2018



Seksuell trakassering og overgrep i idretten

Postet av Flora Cykleklubb den 16. Jan 2018

Seksuell trakassering og overgrep skal ikkje skje i idretten, og er direkte i strid med idretten sin visjon «Idrettsglede for alle». Likevel veit vi at seksuell trakassering og overgrep skjer i idrettssamanheng, ofte utan at det blir rapportert, handsama og reagert på. 

Norsk idrett har nulltoleranse for diskriminering og trakassering. Dette betyr at det alltid skal reagerast på slike handlingar. Det finst eigne retningslinjer mot seksuell trakassering og overgrep i idretten [https://www.idrettsforbundet.n...]

 Norges idrettsforbund lanserte før jul ein rettleiar for handtering av saker som gjeld seksuell trakassering og overgrep. Den gir råd til:

  • Dei som har opplevd seksuell trakassering eller overgrep i idretten.
  • Dei som har sett eller har mistanke om seksuell trakassering eller overgrep i idretten.
  • Idrettslag som mottek varsel om seksuell trakassering eller overgrep.

 Her finn du rettleiaren [https://www.idrettsforbundet.n...]

Vi i FloraCK tek dette på alvor og oppmodar alle til å lese gjennom informasjonen fra Idrettsforbundet. Har ein innspel, tankar eller saker innen dette temaet så ta gjene kontakt med nokken i styret. http://flora-cykleklubb.idrettenonline.no/p/8365/styret


Mvh Leiar Jens Petter Kjelsnes